Karolines Hage

Karolines Hage Bli med og diskuter natur, landbruk og ekte bærekraft. Deler alt om planter, sanking, handverk og åpne refleksjoner. Oppskrifter og tips.🐌

22/04/2025

🌿 Brennesle – meir enn problemplante
Idag fekk eg lyst å skrive noko om synergi, sansing og kvifor mykje ikke fungerer aleine slik som effekten ein ønskjer frå ein tablett

Du har kanskje høyrt at brennesle er "rik på jern", "bra mot allergi", "rensande", eller rett og slett berre noko du skal halde deg unna om du gjeng barbeint eller i shorts.
Men visste du at brennesle også er ein av våre aller beste læremeistrar i mitt favorittbegrep: synergi?

I moderne tid har vi fått for vane å leite etter det éine virkestoffet etter det andre. Den eine molekylen som skal "fikse" noko.
Men vi gløymer at vi ikkje er laga som ein maskin – vi er levande, organiske vesen, og kroppen vår reagerer på heilskapar. På balansen. På sjølve heile konteksten. Og ingen av oss ønsker å bli maskiner vel?

🌱 Brennesle inneheld faktisk histaminar... og likevel har den blitt brukt i folkemedisin for å lindre allergiplager som kan ha vært forårsaka av histaminer.
Korleis heng det saman?

Jo, planta inneheld også ei rekke stoff som regulerer, modererer, og i nokre tilfelle blokkerer dei effektene histamin har. Nokre av desse er betennelsesdempande, nokre påverkar immunreaksjonar, og andre hjelper kroppen med å tilpasse seg det som skjer. Det er ikkje eitt stoff som gjer det. Det er kombinasjonen.

👉 Dette kallast synergi: når fleire delar jobbar saman for å skape ein effekt som er større enn summen av delane.

Og tilberedinga? Den spelar òg inn. Brennesle kan verke stimulerande rå, dempande som te, nærande som suppe – og heilt annleis når tørka eller fermentert.
Planta har faktisk aktivt samtalar med kroppen din på ulike måtar, alt etter korleis du behandlar ho.

Kanskje det er her vi mister noko viktig i vår moderne tilnærming. Vi behandler urter som piller og helse som ein quick fix. Men naturen prøver prøver stadig vekk å minne oss på noko større:
At healing, balanse og livskraft kjem frå heilskap, ikkje frå enkelt fragment.

🕯️ "The whole is more than the sum of its parts." – Aristoteles

…og kanskje gjeld det fleire av kånn? Aldri før har det vore så viktig å forstå det her. Skal vi verkeleg byrje å følgje bærekraftige prinsipp, så må fleire bry seg om heilskapen.

Hått tenkjer du?

Våren = allergi og oppspiring av gløymde gåverEr det ikkje litt rart?No når det spirer og sprett overalt, er det mange s...
18/04/2025

Våren = allergi og oppspiring av gløymde gåver

Er det ikkje litt rart?

No når det spirer og sprett overalt, er det mange som kjenner det klør i augo, renn i nasen og kroppen går i litt alarm-modus. Våren, som ein gong var eit symbol på nytt liv, varme og lukta av blomar… har blitt noko mange fryktar.

Men eg meiner det finst eit lite paradoks her:
Plantene som gir oss plager... har òg gitt oss kuren.

Brennesle, bjørk, løvetann: alle desse ville vekstane har historisk vore brukt som naturens eigne “allergitablettar”.
Dei beviser gong på gong at dei støttar immunforsvaret, dempar inflammasjon og kan til og med hjelpe kroppen til å venne seg til pollen over tid.
Men i dag er mykje av denne kunnskapen gløymd. Folk hugsar ikke korleis dei vart anvendt riktig.
Kanskje fordi vi slutta å vere i kontakt med dei?

Og her kjem noko verkeleg interessant: Har du lagt merke til at det stort sett er hannplanter som blir planta i byar og tettstader?
Det er dei som spreier mest pollen, og dei som gjer flest folk sjuke.

Hoplanter? Dei produserer ikkje pollen. Dei produserer frukt.
Men dei på ein måte "røyter" meir, treng meir vedlikehald, og har derfor blitt valt vekk.
Det er nesten som om vi har designa ein allergisk vår. Eit samfunn med allergikere.

Det seier noko om forholdet vårt til naturen.
At vi prøver å kontrollere den... men kanskje ikkje heilt forstår den.
Og at vi har gløymd at naturen ikkje berre gir symptom, men òg løysingar, viss vi lærer oss å bruke ho med respekt og kjærleik.

💚 Så her er min oppfordring denne våren:
Sank litt brennesle. Lag te på bjørkeblad. Våg å prøv deg fram.

NB: Snakk med legen din eller andre terapeutar om du tar andre medisiner og om dei kan finne ut for deg om det er trygt !

Ta ansvar sjølv, les forskningsartiklar, gamle bøker og utforsk dei gløymde naturleksjonane.

Og kanskje vil etterkvart fleire av kånn spørje neste gong vi nyser:

Kva for kunnskap låg eigentleg i ugraset vi tråkka på?

🧙‍♀️ Om dette var ein smule interessant håpar eg du tek deg tid til å dele tankane dine under, eller følger sida mi for meir liknande innlegg.

Legg ved eit ordtak frå ei kul dame, som eg tenkjer er litt interresant:

"You may lose your job and your health insurance, but the medicines of the earth will never abandon you.” - Susun W**d 🌱

Foto: mitt eige bilete frå tida me hadde spelsau og nydelege vårlam 💞

Begynner å forstå at alt faktisk heng saman.Noko i meg har alltid vore klar over at naturen ikkje berre er noko vi går g...
15/04/2025

Begynner å forstå at alt faktisk heng saman.

Noko i meg har alltid vore klar over at naturen ikkje berre er noko vi går gjennom... men noko vi faktisk er nært kobla til.

Eg innser å ha opplevd gjentatte gonger at stillheita i skogen kan lære meg meir enn kunnskap skrive ned i bøker. At ei handfull brennesle kan innehalde båe kraft og kunnskap vi nesten har gløymd å lytte til.
Denne sida, Karolines Hage, er eit forsøk på å hente tilbake noko av det som ein gong var sjølvsagt blant folk: Forbindelsen til jorda, forståelsen av plantene rundt oss, og den djupe respekten for naturens rytmer.

Eg trur ikkje på ei romantisert fortid, men eg trur fleire av kånn har mista noko verdifullt undervegs. Og eg trur vi kan finne det igjen!
Her deler eg tanker og erfaringer om sanking, dyrking, landbruk, urter, og det å leve nærare naturen. Og då meiner eg ikkje som eit eventyr, men rett og slett som eit val og ein praksis.
Kanskje vil du kjenne deg igjen. Kanskje vil du lære noko nytt. Kanskje vil du bare kvile litt her og lese det eg skriv, som eg håper kan bli ein fristad der både kunnskap og refleksjon får gro.
🌿
Hått tenker du? Vil du bli med å lære nye ting? Har du nokon tema i tankane som kunne vore interessant å gravi opp litt meir forskning rundt?

Eg gleder meg iallfall til å utfordre meg sjølv med å dele meir ærlege erfaringar her om nye ting eg lærer, og setter stor pris på om fleire våger å engasjere seg på sida mi ettersom det kjem fleire innlegg her.

Mvh Karoline 🥰

15/04/2025

Hei, og velkommen til min første vesle blogg på Facebook 🌿

Plassen der eg har planer om å la sankeren, hestejenta, forfattaren og den moderne heksa i meg få flette saman visdom og undring.
Her vil eg dele åpent om sanking, naturmedisin, tankesprell, jordbruksmagi, urter og filosofi. Det blir nok ei god blanding sunn skepsis, glede og utforsking.
(og du må vere klar for å ta ting med ei klype salt)

Kanskje finn du eit råd du kan ta med deg. Kanskje berre ein tanke du kan tygge på. Kanskje vi berre går eit lite stykke saman i denne internett hagen min av ideer.
Planen er ganske fri akkurat nå.

Del gjerne om du kjenner nokon som treng ei pause frå all støyen.. og kanskje litt meir av jordnær moderne heksekraft i hverdagen hehe 🌙

(Vel å skrive slik eg likar, og som føles naturleg..altså ein blanding av nynorsk-bokmål og dialekt.)

Adresse

Bø I

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Karolines Hage legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del