JHG Design - Interiørdesigner Janne H Gjerde

Ring Nettsted Kontakt bedriften

JHG Design - Interiørdesigner Janne H Gjerde Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, vurderinger, bilder, videoer og kunngjøringer fra JHG Design - Interiørdesigner Janne H Gjerde, Interiørdesignstudio, Bømlo.

Interiørdesign • planløysing • oppussing
✔️Få planen på plass før du begynner

Eg hjelper deg med planløysing, interiørdesign og trygge val før du set i gang – slik at funksjon, uttrykk og heilskap heng saman.😊

22/10/2026

Er spileveggen eigentleg «ut»? 🤎

Mange meiner at spiler har gått av moten. Men handlar gode interiørval alltid om kva som er trendy?

Her er det brukt akustikkpanel som ikkje berre tilfører varme, struktur og djupn, men også bidreg til mindre etterklang og betre akustikk i rommet.

For meg handlar god interiørdesign om meir enn trendar. Det handlar om å velje løysingar som fungerer, både visuelt og praktisk.

Og her synest eg resultatet snakkar for seg sjølv! ✨

20/10/2026

Gjennomtenkte løysingar, personlege val og ein heilskap som kjennest rett. 🤎

Det er det JHG Design handlar om.

Altså, denne! 😍🍷Forma, detaljane og ikkje minst fargen!Djup burgunder er ein av haustens store IT-fargar, og her kjem ha...
11/10/2026

Altså, denne! 😍🍷

Forma, detaljane og ikkje minst fargen!

Djup burgunder er ein av haustens store IT-fargar, og her kjem han verkeleg til sin rett.

Nokre møblar er rett og slett små kunstverk. Og denne måtte eg berre dele! 🤎

Ein interiørdesigner skal ikkje komme inn og gjere heimen din til sin.For meg startar eit godt interiørprosjekt med å fo...
07/10/2026

Ein interiørdesigner skal ikkje komme inn og gjere heimen din til sin.

For meg startar eit godt interiørprosjekt med å forstå kven som skal bu der, korleis kvardagen fungerer, kva de likar, kva de ønskjer å behalde og kva budsjettet faktisk skal romme.

Planløysing, fargar, materialval og møblering skal ikkje berre sjå fint ut. Dei skal passe dykk.

Nokre gongar handlar jobben min om å foreslå noko nytt. Andre gongar handlar det om å sjå verdien i det de allereie har, og finne ut korleis det kan fungere betre i ein ny heilskap.

Målet er ikkje at nokon skal komme inn og tenkje:
«Her har ein interiørdesigner vore.»

Målet er at de skal kjenne:
«Dette er oss. Berre mykje meir gjennomtenkt.»

Skal du bygge eller pusse opp, men er redd for å miste din eigen stil undervegs?
Send meg gjerne ein DM.🥰

JHG Design
Interiørdesign • planløysing • oppussing
Bømlo / Sunnhordland

Det er ikkje fleire val du treng. Det er ein plan for vala du skal ta.Når du bygger nytt eller pussar opp, heng planløys...
04/10/2026

Det er ikkje fleire val du treng. Det er ein plan for vala du skal ta.

Når du bygger nytt eller pussar opp, heng planløysing, kjøkken, bad, fargar, materialar, belysning og møblering saman. Likevel blir vala ofte tatt eitt og eitt undervegs.

Det er då det fort kan bli både dyrt, tidkrevjande og vanskeleg å sjå heilskapen.

Med interiørhjelp tidleg i prosessen kan me sortere moglegheitene, prioritere det som faktisk betyr noko og skape ei tydeleg retning før dei store vala blir tatt.

Målet er ikkje fleire idear.
Målet er tryggare val og ein heim som fungerer som ein heilskap.

Skal du bygge nytt eller pusse opp?
Send meg gjerne ein DM og fortel litt om prosjektet ditt 🤎

Det er ikkje fleire val du treng. Det er ein plan for vala du skal ta.🌿Når du bygger nytt eller pussar opp, heng planløy...
04/10/2026

Det er ikkje fleire val du treng. Det er ein plan for vala du skal ta.🌿

Når du bygger nytt eller pussar opp, heng planløysing, kjøkken, bad, fargar, materialar, belysning og møblering saman. Likevel blir vala ofte tatt eitt og eitt undervegs.

Det er då det fort kan bli både dyrt, tidkrevjande og vanskeleg å sjå heilskapen.

Med interiørhjelp tidleg i prosessen kan me sortere moglegheitene, prioritere det som faktisk betyr noko og skape ei tydeleg retning før dei store vala blir tatt.

Målet er ikkje fleire idear.
Målet er tryggare val og ein heim som fungerer som ein heilskap.

Skal du bygge nytt eller pusse opp?
Send meg gjerne ein DM og fortel litt om prosjektet ditt 🤎

Kva treng du hjelp til?Kanskje du har mange idear, men slit med å få dei til å henge saman. Eller kanskje du står framfo...
03/10/2026

Kva treng du hjelp til?

Kanskje du har mange idear, men slit med å få dei til å henge saman. Eller kanskje du står framfor ei oppussing og kjenner at vala blir fleire jo meir du undersøker.

Du treng ikkje ha planen klar før du tek kontakt med ein interiørdesigner. Det er jo nettopp der eg kan hjelpe 🤎

Hos JHG Design kan du få hjelp med alt frå konkrete spørsmål om planløysing, fargar, materialar og møblering, til ein meir heilskapleg plan for oppussing eller nybygg.

Bla gjennom karusellen og sjå kva som kan passe for deg →
Og er du framleis usikker? Send meg ein DM, så finn me ut av det saman.

Skal du pusse opp, endre planløysing eller står du midt i mange interiørval?Det er ofte før du begynner at dei viktigast...
02/10/2026

Skal du pusse opp, endre planløysing eller står du midt i mange interiørval?

Det er ofte før du begynner at dei viktigaste vala blir tatt.

For meg handlar god interiørdesign om å sjå heilskapen. Korleis romma fungerer, kva planløysing som gir betre flyt, og korleis fargar, materialar og uttrykk kan henge saman.

Eg hjelper deg med planløysing, interiørdesign og rådgiving ved oppussing, slik at vala blir enklare og du får ei tydeleg retning vidare.

Målet er ikkje ein heim som ser ut som alle andre.
Målet er ein heim som kjennest rett for deg.

Eg er Janne, interiørdesigner bak JHG Design på Bømlo. Eg jobbar både lokalt i Sunnhordland og digitalt.

Har du eit prosjekt du går og tenkjer på? Send meg gjerne ein DM 🤎

20/09/2026

Du treng ikkje dei dyraste møblane for å få ein fin heim.
Du treng ein plan. 🤍

Litt som når du baker: Du kan ha dei beste ingrediensane i verda, men utan ei god oppskrift er det ikkje sikkert resultatet blir slik du såg for deg.

Det same gjeld interiør.
Proporsjonar, fargar, lys, materialar og møblering må spele saman – før du begynner å handle.

Og akkurat der kan ein interiørdesigner faktisk spare deg for både bomkjøp, frustrasjon og unødvendige kostnader.

Kva synes du er vanskelegast når du skal innrede – fargar, møblering eller å få heilheten til å henge saman? 👇

19/04/2026

Før ➡️ Etter

Kunden hadde eit ønske om ei lunere TV-stove
-mitt fokus var å finne ein farge som skapar ro, varme og bedre balanse i rommet.

Med éin justering endres både stemning og opplevelse.✨

(Bildene er tatt før ferdig styling)

Adresse

Bømlo
5427

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når JHG Design - Interiørdesigner Janne H Gjerde legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til JHG Design - Interiørdesigner Janne H Gjerde:

Snarveier

Del


Andre Interiørdesignere i Bømlo

Vis Alle