20/04/2026
Plenen min der jeg bodde sist. For pollinerende insekter - men se så fint det var. 🌸🌸🌸 Blomsterenger er dessverre et sjeldent syn i dag.
La gresklipperen stå litt til og la plenen bli litt vill og vakker - så pollinerande insekt har tilgang til nok mat! 🌸🐝🌸🐝🌸
Det finst mange gode grunnar til å la gresklipperen stå og la heile eller delar av grasset gro, spesielt no tidleg på våren. Då får nemleg engkarse, løvetann, kløyver og andre fine markblomstrar, lov til å gro, så pollinerande insekt får tilgang til eit viktig matfat no på våren. Då bidreg du enkelt til eit rikare artsmangfald og gode leveforhold for insekt, som er så viktige for oss menneske og maten vår.
Visste du til dømes at heile 75 prosent av dei ulike matvekstane våre, som frukt, grønsaker, kaffi og kakao, er avhengige av pollinering frå insekt. Men 40 prosent av pollinerande insekt (spesielt bier og sommarfuglar) på verdsbasis, er i ferd med å bli utrydda. I hovudsak på grunn av menneskelege aktivitetar som nedbygging, tap av leve- og matområde, lysforureining, bruk av sprøytemiddel, forureining og klimaendring.
Bilete: Ein plen som får blomstre i nokre år vil etter kvart kunne sjå slik ut til 17.mai. Vakkert og viktig!
Foto: Nini Hæggernes