Vevnad

Ring Nettsted Kontakt bedriften

Vevnad Produsent av Makalaus Ull
Kurs i veving

Lær å veve!I løpet av 15 timar kurshelga lærer du grunnleggande vevteknikk og får veva deg eit nydeleg ullsjal på tangen...
01/10/2026

Lær å veve!
I løpet av 15 timar kurshelga lærer du grunnleggande vevteknikk og får veva deg eit nydeleg ullsjal på tangentvev. Du får og læra korleis du lagar renning og set opp eit vevprosjekt på eiga hand. Dagane blir krydra med inspirasjon og litt vevteori.

Me har følgjande nybyrjarkurs hausten 2026:

Kurs 1: 6-8. november

Kurs 2: 20-22. november

Tidsplan for kurshelga:

Fredag 18-21
Laurdag 10-18
Søndag 10-14

Stad: Sagvåg skule, Fitjarvegen 120, 5410 Sagvåg

Pris kr 3150 inkl. materiell, bindande påmelding på epost til [email protected].

Ny oppskrift ute i nettbutikken no, Puter i ruter. Oppskrifta er for fire skafts tangentvev, og inneheld fire ulike pute...
05/09/2026

Ny oppskrift ute i nettbutikken no, Puter i ruter. Oppskrifta er for fire skafts tangentvev, og inneheld fire ulike puter på samme renning. Du må riktignok hovle om undervegs om du vil veve alle fire variantane, men hovling er jo meditasjon 🧘

Putene er vevd i favoritten Finull frå Rauma Garn 🩶

Austevoll Husflidslag har invitert meg til å halde nybyrjarkurs helga 29-31. mai, og det er ledige plassar igjen! Lyst t...
04/05/2026

Austevoll Husflidslag har invitert meg til å halde nybyrjarkurs helga 29-31. mai, og det er ledige plassar igjen! Lyst til å lære å veve i vakre Austevoll? Påmelding via linken her:
https://event.checkin.no/221915/vevnad-nybyrjarkurs

NB: Påmeldingsfrist førstkommande fredag!

Vinterdraum - Digital vevoppskrift er ute på nettbutikken no - og for eit sjal dette er ❤️ Vevd i mjukaste Soft frå Isag...
27/01/2026

Vinterdraum - Digital vevoppskrift er ute på nettbutikken no - og for eit sjal dette er ❤️ Vevd i mjukaste Soft frå Isager (eg kjøpte mitt garn hos ) - perfekt i sprengkulden ❄️

Eg har vevd mitt superlangt, men du kan sjølvsagt veve det i vanleg lengde også, begge variantane ligg i oppskrifta.

Det blir nybyrjarkurs i veving 13.-15. februar! (Dette blir nok det einaste kurset av denne typen før sommaren)I løpet a...
13/01/2026

Det blir nybyrjarkurs i veving 13.-15. februar! (Dette blir nok det einaste kurset av denne typen før sommaren)

I løpet av 15 timar kurshelga lærer du grunnleggande vevteknikk og får veva deg eit nydeleg ullsjal på tangentvev. Du får og læra korleis du lagar renning og set opp eit vevprosjekt på eiga hand. Dagane blir krydra med inspirasjon og litt vevteori.

Tidsplan for kurshelga:
Fredag 18-21
Laurdag 10-18 
Søndag 10-14
Stad: Lune Opplegg sine lokale på Stord, i Kjøtteinsvegen 68. 
Pris kr 2950 inkl. materiell, bindande påmelding på epost til [email protected].

Adresse

Sagvåg

Telefon

+4793261224

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Vevnad legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vevnad:

Snarveier

Del


Andre Kunst- og håndverksbutikker i Sagvåg

Vis Alle