Dalahagen

Dalahagen Friske snittblomar dyrka med omsorg, lokalt og bærekraftig.

Påskeblomar til å pynte opp inngangpartiet? Eg har mykje fint i drivhuset no, både litt meir uvanlige vårlomstrande løka...
25/03/2026

Påskeblomar til å pynte opp inngangpartiet? Eg har mykje fint i drivhuset no, både litt meir uvanlige vårlomstrande løkar eg har dyrka fram sjølv gjennom vinteren, og fine norskproduserte vårblomar innkjøpt frå gartneri. Eg har både fine samanplantingar og enkeltpotter til sals i drivhuset no i palmehelga - fredag, lørdag og søndag frå kl 12-17. Velkommen innom!

I dag er det faktisk vårjamndøger - frå no av er det meir lys enn mørke i døgnet. Ute spirar det her og der, eg hørte år...
20/03/2026

I dag er det faktisk vårjamndøger - frå no av er det meir lys enn mørke i døgnet. Ute spirar det her og der, eg hørte årets første svarttrostsang for eit par kveldar sidan, og snøklokkene står i full blomst etter ein lang og iskald seinvinter. No er våren her, folkens!

Påska nærmar seg med stormskritt, og eg innsåg plutselig at det allereie i morgon, tirsdag, er siste utlevering i Reko-r...
16/03/2026

Påska nærmar seg med stormskritt, og eg innsåg plutselig at det allereie i morgon, tirsdag, er siste utlevering i Reko-ringen Fana før høgtida. Så eg kasta meg rundt og la ut annonse, tradisjonen tru kjem eg med påskekrukker fylt med blomstrande løkblomar. Det vil seie, dei er ikkje i blomst heilt enno, det er jo framleis ei stund til påske. Men knoppar er på plass, og med litt mildvær tenker eg dei er heilt i rute. Det går jo alltids an å jukse litt og ta dei inn i varmen nokre dagar! Løkane er fine å setje ut i hagen etterpå, der dei normalt vil blomstre igjen i åra som kjem. Eg kjem også til å ha slike til sals i drivhuset til palmehelga, for dykk som er lokale 🏵 Men fanafolk og byfolk, reko-annonse i FB-gruppa altså: https://www.facebook.com/groups/2377478842509796/

Det blei fullt på dyrkingskurset 11. april, så eg har satt opp eit til dagen etter, altså søndag 12. april, om det er fl...
13/03/2026

Det blei fullt på dyrkingskurset 11. april, så eg har satt opp eit til dagen etter, altså søndag 12. april, om det er fleire som vil lære å dyrke snitttblomar i eigen hage. Alle deltakarar får med seg heim ein god startpakke med småplanter, blant anna denne staticen som heiter Apricot - like fin fersk som tørka. Meir info finn du på dalahagen.no under kurs 💐

Trivelig kveld hos Askøy Hagelag i går, eg fortalte om Dalahagens staudefavorittar, utvald for å vere sterke planter i v...
12/03/2026

Trivelig kveld hos Askøy Hagelag i går, eg fortalte om Dalahagens staudefavorittar, utvald for å vere sterke planter i vestlandsklima og gode til snitt og bukettar. Stauder er altså fleirårige planter som kjem igjen kvart år. Dei blomstrar kanskje ikkje like flittig og lenge som mange av dei ettårige eg dyrkar, men til gjengjeld slepp ein jo då å så på nytt kvar vår. I år blir det nytt staudefelt i hagen her og mange nye sortar! Eg har ei liste på 70 ulike stauder som eg skal dyrke fram frå frø, så då får me berre krysse fingrane for at alle kjem opp 🌱. Herlig med vår!

På tide med den årlige nedskjeringa av gåsungepilen. Med kjøttmeissang, hanegal og lett duskregn - det er vestlandsvåren...
03/03/2026

På tide med den årlige nedskjeringa av gåsungepilen. Med kjøttmeissang, hanegal og lett duskregn - det er vestlandsvåren sin det! Gåsungane skal brukast i ymse vår- og påskedekorasjonar, den gir sånne mengder med kraftige greiner, denne pilen! Dei beste gåsungane kjem på to år gamle greiner, så eg lar ein del av dei lange årsskudda stå igjen. I løpet av 2026 kjem dei til å skyte mindre sidegreiner som blir bra avling til neste vår. Og der eg kutter heilt ned kjem det nye, lange skudd i år som blir 2028 sine gåsungar. Langtidsplanlegging med andre ord !

01/03/2026

1. mars og første vårdagen i 2026! Me har vore ute og brent det årlige seinvinterbålet der me kvittar oss med alle restar etter kransesesongen - granbar, kvist og kvast. Det har blitt eit fast familierituale kvart år. No er det berre minstemann på 13 som framleis er interessert, han har passa bålet samvittighetsfullt i dag og sørga for at kvar ei grannål og furukvast gjekk opp i flammar. Og med det legg me vinteren bak oss for godt, og tar steget inn i ein ny hagesesong. Det kjennest veldig godt! Beklager til alle naboar for at me røykla heile dalen 🙈

Då var det forsyne meg fullt på dyrkingskurset 11. april 🎉. Om det er fleire der ute som vil lære å dyrke snittblomar så...
28/02/2026

Då var det forsyne meg fullt på dyrkingskurset 11. april 🎉. Om det er fleire der ute som vil lære å dyrke snittblomar så kan eg gjerne sette opp ein kursdag til, i påskeferien for eksempel? Send meg gjerne ei melding hvis du er interessert! Er de fleire og har ønske om ein spesiell dag, går det kanskje an å fikse også 😊 Og hvis du vil lese meir om kursinnhaldet, så ligg det info på dalahagen.no.

Lyst til å lære å dyrke dine eigne snittblomar? Enten til å binde rause bukettar, pynte opp på bordet gjennom sommaren o...
25/02/2026

Lyst til å lære å dyrke dine eigne snittblomar? Enten til å binde rause bukettar, pynte opp på bordet gjennom sommaren og hausten, eller berre fylle hagen med liv og farge? Eg held det årlige dyrkingskurset laurdag 11. april, der deler eg kunnskap, tips og triks for å lukkast med dette. Gjennom teori og praksis går me gjennom plantevalg, såing, prikling, stell og hausting. Alle deltakarane får også med seg heim ein solid startpakke med småplanter/sådde frø, potensielt 100 planter til saman.

Meir info og påmelding finn du på dalahagen.no 🌱

Kva sår eg i dag? Jo, levkøy! Denne duftande, nydelige blomen er ikkje veldig vanlig i hagane våre, for den kjem normalt...
20/02/2026

Kva sår eg i dag? Jo, levkøy! Denne duftande, nydelige blomen er ikkje veldig vanlig i hagane våre, for den kjem normalt berre med eitt blomsterspir før det er over. Men som snittblomst er den suveren - vakker, holdbar, duftar nydelig av nellik og kjem i mange fine fargar. Og så trivst den med å vokse opp under kjølige forhold. Derfor sår eg dei tidlig, har dei inne under plantelys ei tid før eg plantar dei ut i drivhustunellen i fleire omganger gjennom april. Då blir det blomstring gjennom heile juni, og eg kan love at det er ein fryd å komme inn i tunellen ein varm junikveld og kjenne kor den søte, krydra duften slår imot deg 🌸

På søndag er det morsdag 🌸 Eg har naturleg nok ingen blomar enno sidan det for tida er mange minusgrader og bakken er st...
03/02/2026

På søndag er det morsdag 🌸 Eg har naturleg nok ingen blomar enno sidan det for tida er mange minusgrader og bakken er stivfrosen. Men eg har gåvekort på nettsida, og blomsterabonnement, og ikkje minst forhåndsbestilling av startpakkar for den hageglade! Så om du har ein morsfigur i livet ditt som du vil gjere ekstra stas på er det berre å gå inn og kikke på dalahagen.no 🌱

Adresse

Dalevegen 147
Holmefjord
5642

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Dalahagen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Dalahagen:

Del

Miljøvenlege, kortreiste blomar

Er du på jakt etter blomar som ser ut som om dei er henta rett inn frå hagen, og er dyrka på miljøvennleg vis? I Dalahagen er eg opptatt av bærekraft, mangfald og ikkje minst blomar! Her dyrkar eg utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel, og ønskjer å ivareta eit yrande liv i både jorda og i lufta. Eg tilbyr blomar etter sesong, frå april/mai til september/oktober. Foreløpig er eg i startfasen og driv i liten skala, men meir informasjon om korleis du kan kjøpe blomane vil kome etterkvart. Dalahagen held til i Nore Fusa, seks mil utanfor Bergen.

Om meg

Eg som dyrkar i Dalahagen heiter Elisa Kolle, og eg har vore levande interessert i blomar og dyrking så lenge eg kan huske. Som barn gjekk eg på tur med ein liten lommeflora i handa, eg fekk min eigen hageflekk i foreldra mine sin hage, eg hadde blomsterdyrking som oppgåve i 4H. Som student i byen hadde eg parsellhage der eg tilbrakte lange fridagar, og sykla heim om kveldane med korga full av blomar og grønsaker. Eg fekk ordentlig hage i 2007, same år som eg vart mor for første gong. I løpet av permisjonstida slo tanken om eigen snittblomsthage rot på alvor. Sidan den gong har eg sådd og prikla, luka og grave, planta og hausta omtrent utan pause. Etterkvart flytta me til eit lite småbruk i Fusa der eg verkeleg har fått utfolde meg, og no er det endeleg tid for å dele av overskotet!

Om du er interessert kan du ta kontakt via sida her, på e-post [email protected] eller telefon 90203017. Eg leverer også blomar gjennom REKO-ringane i Bergen når eg har mogleheit til det.