SHAINA - interiør og sånn

SHAINA - interiør og sånn Vårt mål er å skapa betre rom som inspirerar dei som skal bruka dei. Nyare forskning støttar også denne påstanden.

Det å opphalda seg i fine, funksjonelle rom, med gode fargekombinasjonar betrar livskvaliteten! Lokala og interiøret påverkar samspel og trivsel, både i heimar, og på arbeidsplassar, skular og andre dagtilbod.

Me sluttar aldri å bli overraska over kor stor forskjell og kor mykje GLEDE fargar kan gje. Også på flater som ein tenkj...
07/06/2023

Me sluttar aldri å bli overraska over kor stor forskjell og kor mykje GLEDE fargar kan gje. Også på flater som ein tenkjer skal vera nøytrale - som golv og tak. Eine halvdelen av shaina vart inspirert av fargen på raudleg stein og drista seg til å beisa terrassen rosa. Sjå kor mykje stemning og glød fargen gjev! Graset, plantene, fjorden, himmelen…. ALT blir så fint forsterka i kontrast til den raudlege fargen. Det følest litt som å vera blant terracottafarga hus i Italia.

Fargen måtte blandast til av to ulike fargar terrassebeis - den som har lyst å prøva skal få «oppskrifta». Håpar produsentane snart tar ansvar og lagar litt finare fargar enn det kjedelige som er på marknaden pr no.

I eit interiør me hadde gjort tidlegare såg dei seg nøydde til å setja inn ein skyvedørsgarderobe av praktiske årsaker. ...
01/10/2022

I eit interiør me hadde gjort tidlegare såg dei seg nøydde til å setja inn ein skyvedørsgarderobe av praktiske årsaker. Heldigvis sørga oppdragsgjevar og for å la oss fullføra uttrykket med kunstfolie frå LinaLyng.

Frå oppdrag samtalerom. Dei siste to bilda viser utgangspunktet. Her valde me ein lyseblå farge på både tak og vegger, n...
14/07/2022

Frå oppdrag samtalerom. Dei siste to bilda viser utgangspunktet.
Her valde me ein lyseblå farge på både tak og vegger, noko som gav rommet ei luftigare kjensle. Og legg merke til at denne fargen fekk den litt trauste kontorpulten til å skina.
Sofabordet er forresten resultatet av understellet til eit bambusbord me fann som mangla bordplata. Me saga til ei plate som me kledde med eit gammalt sjøkart.

Etter og før.Her har shaina nytta Linalyng motivtapet i ein kontorgang.
14/07/2022

Etter og før.
Her har shaina nytta Linalyng motivtapet i ein kontorgang.

Kjeller! Etter, før og etter. For ei stund sidan malte Aina Amalie golv, vegger og tak i kjellaren. Den største forbedri...
14/07/2022

Kjeller! Etter, før og etter. For ei stund sidan malte Aina Amalie golv, vegger og tak i kjellaren. Den største forbedringen kom ved å male golvet.

Glimt frå ein bolig-shaining i 2021.
14/07/2022

Glimt frå ein bolig-shaining i 2021.

Shaina har hatt nokre svært kjekke oppdrag i det siste! Her er eit lite glimt frå eit inngangsområde. Før-bilde til slut...
08/03/2022

Shaina har hatt nokre svært kjekke oppdrag i det siste! Her er eit lite glimt frå eit inngangsområde. Før-bilde til slutt.

GOD JUL FRÅ SHAINA AS💕Med dette ca 40 år gamle bildet av oss, ynskjer me retteleg god og fargerik jul til alle! Takk til...
24/12/2021

GOD JUL FRÅ SHAINA AS💕
Med dette ca 40 år gamle bildet av oss, ynskjer me retteleg god og fargerik jul til alle! Takk til alle som har latt oss setja preg på heim eller arbeidsplass dette året, me kan med handa på hjarta sei at me har gledd oss over kvart einaste oppdrag og resultata det har gitt. Dette barndomsbildet er også eit målbilde for kva me i SHAINA ynskjer å tilføra prosjekta våre. Sjølv om stilen for lengst kanskje er utdatert, så strålar interiørgleda likevel gjennom. Me hugsar kjensla av å omgje seg med fargar og motiv på veggen som kjentes HEILT rett, for OSS og dei me var akkurat då. Til og med sengetøyet gav godkjensle, og prikken over i’en var dei rosa nattkjolane som bestemor hadde kjøpt i Amerika… gleda over eiga hule kan vel neppe bli meir fullkommen enn ho var då. Håpar du har noko i heimen din å gle deg over. Og om du treng hjelp til å skapa eit interiør som gjev deg den følelsen DU vil at omgjevnadene skal gje deg, så ta kontakt😊 Me har masse spennande på gang i 2022.
Takk for at du føl oss og støttar oss - det betyr masse!
Beste helsing Lina og Aina i SHAINA!

Denne fine stova fekk shaina fargesette tidlegare i haust. Tenk at det var strålande sol då eg var innom for å sjå! 😍 (S...
18/11/2021

Denne fine stova fekk shaina fargesette tidlegare i haust. Tenk at det var strålande sol då eg var innom for å sjå! 😍 (Sveip for før- og undervegsbilde)

PLANTER BÅDE HØGT OG LÅGTDet siste året har eg (Lina) som så mange andre blitt meir oppteken av grønne planter. Det at u...
25/10/2021

PLANTER BÅDE HØGT OG LÅGT
Det siste året har eg (Lina) som så mange andre blitt meir oppteken av grønne planter. Det at ungdommen i huset faktisk og har vist eit engasjement for planter har gjort at eg har lagt meg litt i selen for å laga ein aldri så liten jungel her heime. For vel eit år sidan hadde eg nesten berre nokre skrantande orkidéar og ein porselensblom som nekta å dø uansett kor vanskjøtta den blei😂🙈 Eg må sei eg er overraska over kor lett, raskt og billig prosessen med jungelifiseringa har gått. Stiklingar og avleggjarar er jo kjempemoro å halda på med. Og så merkar eg at alle plantene gjev interiøret ein ekstra dimensjon som både vaksne og barn likar.

Adresse

Breimyr
Norheimsund
5600

Telefon

+4792819528

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når SHAINA - interiør og sånn legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til SHAINA - interiør og sånn:

Del