Mari Anne's hobbyer

Ring Veibeskrivelse Kontakt bedriften

Mari Anne's hobbyer Eg har alltid vore veldig glad i håndarbeid, og vil her legge ut bilder av det eg lager/har lagd.

Når ein er "stoff-avhengig" er det nesten som "julafta som liten" når det dukker opp stoff-pakker i posten 😅😅Både mormor...
24/08/2026

Når ein er "stoff-avhengig" er det nesten som "julafta som liten" når det dukker opp stoff-pakker i posten 😅😅

Både mormor og mormor-gulla har noko å gleda seg til her 😅😅😍😍😍 .....spesielt mormor-gullet på 2år som elsker "aktor" (traktor) 🤣🤣

Og sjølvsagt måtte dei største mormor-gullo og få litt nye klær 😅🥰🥰
14/08/2026

Og sjølvsagt måtte dei største mormor-gullo og få litt nye klær 😅🥰🥰

Våren og sommaren har vore travel. Me flytta i haust, og då blei syrommet mitt "spredd rundt" i påvente av at den nye sy...
14/08/2026

Våren og sommaren har vore travel. Me flytta i haust, og då blei syrommet mitt "spredd rundt" i påvente av at den nye systova mi skulle bli ferdig. No nærmer den seg klar, men det står fremdeles mykje kasser og utstyr som må ryddas på plass.

Før ferien blei likevel sy-abstinensene så store at eg måtte sy litt 😅😅 Så innimellom kasser og rot fekk dei minste mormor-gullo litt nye klær 🥰🥰

Forrige helg vart mormor sine "små prinser" døpt, og når dåpskjolane blei tatt av måtte dei selvfølgelig få på sine fyrs...
16/03/2026

Forrige helg vart mormor sine "små prinser" døpt, og når dåpskjolane blei tatt av måtte dei selvfølgelig få på sine fyrste bunader.
Guttebunad i str 3mnd har eg aldri sydd før, men gutane måtte selvfølgelig få bunad 🥰

Utfordringa var at det finnes ikkje mønster på hardangerbunad i så liten størrelse, så det måtte eg laga sjøl.
Eg fant eit grunnmønster på ein baby-bunad på nettet, og det brukte eg som grunnlag for å få den så lik hardangerbunaden som mulig 🥰

VESTEN: Eg forlenga mønsteret litt, og "bua" nederkantane sånn som snittet på vesten på herrebunaden er.
Eg valgte å ikkje ha krage på, for det ville bli så "klumpete" rundt halsen.
Eg broderte "hardanger-mønster" rundt vesten, akkurat som det er på voksen bunaden.
Eg valgte å lage "falske" knapphol som ikkje blei opna opp, og eg tredde/sydde fast tinnknappane inni vesten med snor. Vesten blei knappa igjen med store trykknapper sånn at den er enkel å kle på og av.

BUKSA sydde eg med ribb i livet og nede på beina sånn at den sitt godt på.
Over ribben nede i beina sydde eg ein "kant" med broderi som eg festa utenpå ribben og den blei og knappa igjen med trykknapp. Ein tinnknapp blei sydd på til pynt.

SOKKEBÅND: Ekte sokkebånd ville bli for breie, så eg fletta "fjuskebånd" av 6 tråder....raud og grønn. Deretter sydde eg dei fast under buksa.

SOKKER: Bunadsokker fant eg heller ikkje mønster på i så liten størrelse. Eg lagde derfor mitt eget mønster med breitt bråt oppe og fletter nedover/utover foten.
Det blei masse telling og opprekking, men sluttresultatet blei bra tilslutt.

SKJORTE: Skjorte på baby fungerer dårlig, for den tenkte eg ville "skli opp" når babyen blei løfta opp. Eg valgte derfor å sy på ein body-del.
Sjølve skjorta er sydd i fast bomull, så sydde eg på ein body-nededel i jersey. Då blir den meir elastisk nede.

Veldig mykje arbeid, men gutane blei veldig fine, så eg må innrømme at eg blei veldig fornøyd 😍😍

Fyrste "mormorsydde" garderobe til småtvillingane 😍😍Omslagsbody og indiepants frå heilt spesiell.Indiepants er eg veldig...
14/03/2026

Fyrste "mormorsydde" garderobe til småtvillingane 😍😍

Omslagsbody og indiepants frå heilt spesiell.
Indiepants er eg veldig glad i, for den buksa "veks" med ungen når ribbkanten øverst og i beina blir bretta opp/ned.

Prinsane til mormor måtte selvfølgelig få dresser og 🥰 Sienna babydress, strikka i eit av mine favorittgarn, Double Sund...
20/02/2026

Prinsane til mormor måtte selvfølgelig få dresser og 🥰
Sienna babydress, strikka i eit av mine favorittgarn, Double Sunday frå Sandnes garn.
Desse dressane var det eindel mønster på, men det er sånt som eg liker å strikka 😍😍

For 17år sidan var eg så heldig at eg fekk oppleva å bli tvilling-mamma😍At me skulle være så heldig å få oppleva å få tv...
17/02/2026

For 17år sidan var eg så heldig at eg fekk oppleva å bli tvilling-mamma😍
At me skulle være så heldig å få oppleva å få tvillinger i familien fleire gonger var noko eg aldri hadde tenkt ❤️.......Men i desember kom det på nytt 2 nydelige prinser til verden og eg fekk oppleva å bli tvilling-mormor 😍😍

Selvfølgelig måtte då mormor strikka hentesett til prinsane ❤️❤️
"Lilleskatt hentesett" og "lillebjørnlue" er strikka i drops merino. "Lille harepus-sokker" er strikka i Drops merino og Drops kidsilk.
Buksene er strikka på maskin, eget mønster 🥰

Det har vore ein travel sommar og haust, så denne hobbysida har vore heilt gløymt 🙈Son vår har overtatt barndomsheimen, ...
12/02/2026

Det har vore ein travel sommar og haust, så denne hobbysida har vore heilt gløymt 🙈
Son vår har overtatt barndomsheimen, og me har no "flytta på kår" 😅😅
Sommaren og hausten har derfor vore travel med oppussing av hus, før me pakka og flytta.
Me er ikkje heilt "i mål", men eg har allerede funnet meg godt tilrette i den nye heimen 🥰🥰

Sjøl om sommaren/hausten har bestått av mykje oppussing, betyr ikkje det at eg ikkje har gjort noko håndarbeid 🙈 🤣 Eg klarer jo ikkje sitja med henda i ro om kveldane, så litt strikking og sying har det blitt innimellom 😅😅❤️

Eg har bla gjort ferdig denne genseren til største mormorgullet.
Det er "Kristian & Kristine-genser" frå Dalegarn. Denne skulle egentlig strikkast i Dale babygarn, men eg fant noko rester av Babysilk frå DSA som passa perfekt i farge. Dette garnet hadde ein anna strikkefasthet en orginalgarnet, så når eg la opp i str 6mnd passa genseren perfekt til jenta på 3,5 år 🤣🤣🤣

Babysilk er dessverre gått ut, og det er eit garn eg virkelig sakner. Utruleg mjukt og godt, med ein blanding av alpakka og silke ❤️❤️

&kristinegenser

Adresse

Nordbustaddalen
Tysnes
5687

Telefon

+4748241798

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Mari Anne's hobbyer legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Mari Anne's hobbyer:

Snarveier

Del