Galleri Nauthydlaren

Galleri Nauthydlaren Galleri Nauthydlaren held til i Eplehagen på Valen i Kvinnherad. Her arbeider eg, Marit E H Totland Prisane ligg stort sett på 500-2000 kroner.

Maleria er i ulike størrelse, dei fleste frå 20x20cm til 70x80cm. Det fungerer bra å senda maleri i posten, frakt kr 150.

Det er tid for å rydda i hagen. Eg har rydda på veggane i galleriet og har lagt ut ein heil del blomstermaleri til prisa...
08/04/2026

Det er tid for å rydda i hagen. Eg har rydda på veggane i galleriet og har lagt ut ein heil del blomstermaleri til prisar som berre så vidt stikk opp av jorda.
Lenke til sida med bilda ligg i førest kommentar.

Eg fann to maleri frå mi aller første tid med penselen. Dei er ikkje daterte, men er truleg laga ca 2008. På den tida br...
24/03/2026

Eg fann to maleri frå mi aller første tid med penselen. Dei er ikkje daterte, men er truleg laga ca 2008. På den tida brukte eg oljemaling og fargevalet var ganske annleis enn no. Bildet nr to ligg i kommentarfeltet - for at layouten ikkje skal klyppa av deler av det.
Motivet er frå Undarheim med Husnes kyrkje. Bilda er 40x30 cm, malt på lerretsplate med brun ramme med gullkant, som vist i kommentaren under her.
Kr 1000 per stk.

Vill du sjå? Her er det eg har drive med dei siste vekene, minus to nye maleria som allereie er selde. Det ligg info om ...
16/03/2026

Vill du sjå? Her er det eg har drive med dei siste vekene, minus to nye maleria som allereie er selde. Det ligg info om størrelse og pris under kvart bilde.
Elles er du velkomen innom i Eplehagen 48 på Valen fram til og med torsdag 26.mars. Eg er heime for det meste, men gi lyd før du tar turen for sikkerhets skuld.

Hugsar du bilda som hang i mange stover på 60-70-talet, med papirbilde av eit tjern, masseprodusert, med grå treramme? N...
14/03/2026

Hugsar du bilda som hang i mange stover på 60-70-talet, med papirbilde av eit tjern, masseprodusert, med grå treramme? No er eit sånt bilde blitt aldeles nytt. Papirbildet er borte og plata blei grunna med mange strok før skipa kom siglande. – Bildet er ei aning mindre gult enn eit foto klarer fanga opp.
På havet sloss lys og mørkret, der som elles i livet. Dette bildet har eg kalla «Lyset vann» for skipa har lagt mørkret bak seg.

77×57 cm.

Husregel: Eg legg ikkje ut bilde av barnebarna. Men eg fann eit smutthol i regelen: Dette må vera innafor.Ytre mål: 33x4...
12/03/2026

Husregel: Eg legg ikkje ut bilde av barnebarna. Men eg fann eit smutthol i regelen: Dette må vera innafor.

Ytre mål: 33x43 cm. Og ramma er eit funn frå Bruktløa i Sveio, malt svart på treverket, men med gullkanten intakt.

🎼 Kommer nå, våren, kommer nå!I alle fall trur eg det, akkurat som lerke: Finn ho ei Tuvetopp fri for snjo, så kved ho i...
11/03/2026

🎼 Kommer nå, våren, kommer nå!
I alle fall trur eg det, akkurat som lerke: Finn ho ei Tuvetopp fri for snjo, så kved ho i med sin gladaste song, - so trur hu på vår med ein einaste gong.

Dette har eg skore ut av eit større maleri og sett i passpartout og enkel ramme for at blikket skulle få meir ro enn på det store.

Bildet er no 40x50 ytre mål, kr 2500,-

Har du også så vidt pakka vekk etter hausten og tatt ned blomkarsen når våren bankar på døra? Slik er det her. Eller er ...
11/03/2026

Har du også så vidt pakka vekk etter hausten og tatt ned blomkarsen når våren bankar på døra? Slik er det her. Eller er det alderen som får meg til å tru at tida går så fort?
Bildet er 30x40 cm, akryl på lerretsplate. Og sidan dette er ei forretningsside for Nauthydlaren, legg eg også prisen her: kr 1500,-

Sidan dei paraplyane eg likte best, plutseleg blei selde, må eg fylla på. Det kjem stadig nye, men ingen er like. Dette ...
10/03/2026

Sidan dei paraplyane eg likte best, plutseleg blei selde, må eg fylla på. Det kjem stadig nye, men ingen er like. Dette er dagens uttrykk.
Lenke til info om bilda i kommentarfeltet.

Paraply eller sydvest, kva er best?Drøfting pågår.Bildet er 34x28 cm, ytre mål.
09/03/2026

Paraply eller sydvest, kva er best?
Drøfting pågår.

Bildet er 34x28 cm, ytre mål.

Ramme eller ikkje ramme på maleriet? Ei stund hengde eg opp maleria utan ramme. Det var etter at fleire kundar hadde bed...
09/03/2026

Ramme eller ikkje ramme på maleriet? Ei stund hengde eg opp maleria utan ramme. Det var etter at fleire kundar hadde bede meg ta av ramma då dei handla.
No gjer eg som eg synest best. Og desse isbjørnene ser ut til å trivast i ramma si. Enig?

Desse bilda er 40x40 cm.

Etter ei veke med mykje maling, er det innramming som har stått for tur. Ein del maleri som til no har klart seg utan ra...
08/03/2026

Etter ei veke med mykje maling, er det innramming som har stått for tur. Ein del maleri som til no har klart seg utan ramme, er komne på veggen med ramme. Så er det valgets kval igjen: Svart eller sølvfarga ramme?
Det ligg info om størrelse og pris under kvart bilde.

Gi lyd med melding om du er interessert. Sending med post har vist seg å gå svært bra. (kr 100,-).

Adresse

Eplehagen 48
Valen
5451

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Galleri Nauthydlaren legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Galleri Nauthydlaren:

Del