05/10/2026
Velkomen til strikkekafe🧶🧶
Me gler oss til torsdagen🧶🥰
STRIKKEKVELD PÅ CAFÉ STASJONEN Park Hotel Vossevangen Torsdag 9. oktober kl 19-21.30
Er du glad i å strikke? Då håpar vi du vil bli med oss på ein sosial, kjekk og inspirerande strikkekveld på Café Stasjonen på Voss.
Enten du har strikka heile livet eller nett har lært deg å halde i strikkepinnane – alle er hjarteleg velkomne!
Denne kvelden er vi så heldige å få besøk av den dyktige designaren May Britt Øydvin, kvinna bak Vossadesign. Det gler vi oss skikkeleg mykje til!
Ta med deg strikketøyet, godt humør og gjerne ein strikkeven eller to, og bli med på ein kveld fylt med strikking, inspirasjon, latter og godt lag.
Vi ønskjer å fylle Café Stasjonen med strikkeglade folk frå Voss og omegn, og håpar nettopp du vil bli med.
Så finn fram strikketøyet og bli med på ein kjekk kveld saman med andre strikkeentusiastar.
Velkomen til strikkekveld!